Hopp til hovedinnhold
Sogndal

Autohuset Sogn

Granden 23, 6856 Sogndal
Åpningstider
Mandag - Fredag
Lørdag - Søndag Stengt

Dette senteret tilbyr

Om senteret

Autohuset er så mykje meir enn berre bilpleie. Me legg stor vekt på kvalitet i produkt, god opplæring og gode haldningar hjå dei tilsette. Dette for at nettopp din bil skal få den pleia han fortjener.
Me føretrekk bruk av dyrare kvalitetsprodukt, fordi dei ofte jobbar meir skånsomt og gir eit betre resultat på overflatene på køyretøyet. Me brukar god tid på kvar bil, slik at alle prosessar går rett føre seg. Hjå oss skal du forvente det beste -me kompromissar ikkje på kvalitet.

Lidenskap for faget
Misforstå oss rett: me seier ikkje at vår måte å vaske på er den einaste riktige. Det er i utgangspunktet lett å vaske ein bil. Men, om du skal overlate bilen din til nokon for å få den vaska, ver sikker på at du overlet den til nokon som faktisk bryr seg om bilen din.

Hjå Autohuset Sogn kan du vere trygg på at avfetting, forvask og andre kjemikalier ikkje er for sterke. Alt me brukar er tilpassa formålet og er skånsomt både for hender og lakk, samtidig som det blir reint! Dette får me til med dedikasjon og pasjon for faget.